Hopp til innhold
X
Innhald

Gamle sagbruk i Fjaler

Ved Harefossen i Flekkevassdraget var det eit stort sagbruk på 1600-talet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ved Harefossen i Flekkevassdraget var det eit stort sagbruk på 1600-talet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Oppgangssaga vart teken i bruk i Noreg i byrjinga av 1500-talet, og det var oftast futar og andre danskfødde embetsmenn som sikra seg privilegia til å drive og skaffe seg inntekter av sagene. Dette var tilfelle både for futane som budde i Gloppen i Nordfjord, i Kaupanger i Sogn, på Fure og på Solheim ved Flekke. Det hende at futane dreiv sagene sine så hardt at dei vart straffa for rovdrift på skogen ikring.

Alt på 1500-talet hadde bygdene i Fjaler fleire oppgangssager som leverte tømmer og bord m.a.til Bergen. I 1590 vert det nemnt at futen på Fure, Reinhart Vog, dreiv sagbruk på garden Holt ovanfor Hellevik. Ein mann som heitte Ystein, dreiv to sager på Nistad på same tid, og i Dale finn vi Hans Dale som sagbrukseigar i 1608.

I 1628 budde futen Nils Busch (sjå denne) på garden Solheim i Flekke, og han fekk same året løyve til å byggje eit stort sagbruk ved Harefossen i Flekkevassdraget.

Nedlagd sag og mølle ved Hellevik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nedlagd sag og mølle ved Hellevik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.10.2010