Gamle sagbruk i Luster

Johan Georg Paul Mohr: Parti ved Lyster Fjord. På dette måleriet ser vi ein bygning som kan vere eit sagbruk eller ei mølle. © Blomqvist Kunsthandel.
Det første teiknet på sagbruksdrift i Luster finn ein i 1597. Men det var først frå midten av 1600-talet at produksjonen av skurlast skaut retteleg fart, då folk for alvor tok til å nytte saga plankar og bord i husbygginga.
Sagbruk var lønsamt. Difor var det ofte futar og andre embetsfolk frå overklassen som eigde skogen og sagene. Oppgangssagene deira vart styrte av ein sagmeister. Dei eldste sagene er registrert i Kinsedal, Kroken, Feigum, Mordal/Eide, Marifjøra og på Kvam i Hafslo. Alle desse sagene er omtala frå tidleg 1600-tal og utover, og ved einskilde av elvane kunne det vere fleire sager som t.d. i Kroken og i Marifjøra.
I 1728 er alle desse sagene så nær som Kroka-saga, eigd av Christoffer Munthe. I Kroken var det Jan Teiste som eigde saga.
Oppgangssager
Alle desse sagene var oppgangssager drivne med vasskraft. Sirkelsaga kom ikkje i bruk før kring 1880. På 1800-talet kom det også vassdrivne sagbruk på Tang og ved Modvogrovi på Hafslo. Saga på Tang måtte hente vatnet i lange vassrenner heilt frå Mogrovi. Seinare vart denne Tang-saga driven med dampmaskin.

Tang sag på Hafslo. Foto: Per Tang.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 18.03.2011