Hopp til innhold
X
Innhald

Gas Tech AS

Magne Kolstad i Gas Tech AS. Foto: Kristine Ramberg Aasen, NRK.

Magne Kolstad i Gas Tech AS. Foto: Kristine Ramberg Aasen, NRK.

Gas Tech AS vart starta i Førde i 2003 av Hans Kristian Ulvestad og Magne Kolstad. Verksemda forhandlar og monterer gasspeisar, gasstankar og anna gassutstyr til bustader og større bygg, og har også ei avdeling i Oslo for ombygging av bilar til gassdrivstoff. Gas Tech importerer sjølv gassanlegg frå utlandet.

Fram til 2013 heldt verksemda til på Øyrane. Då vart det flytting til Shell-stasjonen på sørsida av Jølstra.

Gas Tech på Øyrane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Gas Tech på Øyrane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.02.2013