Hopp til innhold
X
Innhald

Gaupne Bilsenter AS

Gaupne Bilsenter AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gaupne Bilsenter AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gaupne Bilsenter AS bilverkstad vart starta i Gaupne i 1981 av Olav Ness. Det heitte då BBS-senteret. I 1991 vart Arne Havhellen ny eigar, og firmaet fekk namnet GBS-senteret.

I 1999 overtok Einar Bringe under firmanamnet Gaupne Bilsenter AS. Bilsenteret driv reparasjons- og karosseriverkstad og import av tyske bilar og har fem tilsette.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.01.2010