Hopp til innhold
X
Innhald

Gaupne Samvirkelag

Coop i Gaupne. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Coop i Gaupne. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gaupne Samvirkelag vart skipa i 1943, og vart ein konkurrent til A/S Gaupne Handelsforening som var skipa i 1919.

Laget leigde den gamle forretninga til Jacob Jacobsen Molland på Røneid - sjå også: Handel og gjestgiveri på Røneid.

Det nye laget gjekk inn i NKL, medan det andre stod utanfor kooperasjonen heilt til dei to laga vart slegne saman i 1960 og eignelutane til det oppløyste Gaupne Samvirkelag vart overteke av Handelsforeningen. Laget vart no heitande Gaupne Handelslag. Dette laget vart medlem i NKL året etter.

Etter nokre år som avdeling i Sogn Samvirkelag og seinare Coop Sogn og Fjordane, har både Gaupne sidan 2008 vore avdelingar i Coop Vest BA (sjå Coop Sogn og Fjordane). Det same er dei andre Coop-butikkane i Luster kommune. Coop i Gaupne er delt inn i ein daglegvarebutikk og ei byggjevareavdeling.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.03.2011