Hopp til innhold
X
Innhald

Georg Storaker - landhandel og forretningsbygg

I dette huset  dreiv Georg Storaker og seinare sonen Håkon handel. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I dette huset dreiv Georg Storaker og seinare sonen Håkon handel. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Georg Storaker starta i 1907 landhandel med eige forretningsbygg i Flekke. Nokre år tidlegare hadde faren Hans Storaker flytta frå Storakersundet i Hyllestad og starta ein landhandel i ein kjellar på Hustveit i Flekke.

Storaker-slekta Flekke er den same som dreiv trelastfirmaet A & G. Storaker ved Storakersundet. Georg bygde også sag på Neset ved utløpet til Flekkeelva. Tømmeret vart på den tida fløyta ned vassdraget. Sonen Håkon Storaker og kona Kirsten tok over butikken i 1952 og dreiv til 1990, då Åge Ness overtok.

Sagbruket som Storaker dreiv fram til 1995 på kaia i Flekke. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sagbruket som Storaker dreiv fram til 1995 på kaia i Flekke. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Flekketunet

Under utviklinga av Hauglandsenteret og United World College på 1990-talet, vart det lagt planar for eit kombinert handels- og servicesenter i Flekke - Flekketunet - som m.a. skulle ha post, rutebilstasjon og butikk. Åge Ness gjekk inn i Flekketun-prosjektet, men gjekk konkurs i 2002. Frå 2002 er det Frank Igelkjøn som har drive butikken.

Sonen dreiv sagbruk

Håkon Storaker dreiv sagbruket ved Flekkeelva fram til 1995. Onkelen Albert Storaker satsa på fraktefart med skuta « Utstein» frå 1920 til 1939, og etter krigen og fram til 1967 med frakteskuta « Hanna I».

Butikken i Flekketunet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Butikken i Flekketunet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.10.2010