Hopp til innhold
X
Innhald

Gjensidige Bank

I 2006 gjorde Sparebanken Sogn og Fjordane ein avtale med Gjensidige Holding om å skipe ein nettbasert bank i Førde: Gjensidige Bank.
Etter planen skulle ei ny stifting - Stiftinga Sparebanken Sogn og Fjordane - eige 10 prosent av Gjensidige Holding.

Samstundes var det planen at bankdrifta skulle organiserast gjennom eit aksjeselskap med namnet Sparebanken Sogn og Fjordane AS. Der skulle Stiftinga Sparebanken Sogn og Fjordane eige 66 prosent og Gjensidige 34 prosent. For denne aksjeposten skulle Gjensidige betale kring 800 millionar kroner til Sparebanken Sogn og Fjordane.

I drift i 2006

Den nye nettbanken heiter Gjensidige Bank og kom i drift i 2006 med kontor på Øyrane. Planen er å byggje ut den nye nettbanken med kring 100 tilsette i Førde. I avtalen mellom Gjensidige og sparebanken er det bygd inn garantiar for at hovudkontoret for Gjensidige Bank vert liggjande i Førde, og at den skal ha hovudkontor i bankbygget som Sparebanken bygde i Førde på 1990-talet.

Gjensidige Bank skal ha eiga leiing og styre. Sparebanken Sogn og Fjordane skulle etter den opphavelege avtalen halde fram med eiga leiing og styre. På grunn av plassmangel i Førde vert fleire funksjonar flytta ut til bankavdelingane elles i fylket.

Kredittilsynet negativt

Kredittilsynet stilte seg noko seinare på året seg negativt til planen om å gjere Sparebanken Sogn og Fjordane om til akjseselskap. Gjensidige og sparebanken endra difor avtalen slik at skipinga av Gjensidige Bank ikkje vart gjort avhengig av at Sparebanken Sogn og Fjordane vart omgjort til aksjeselskap.

Den justerte avtalen skulle gje Gjensidige Forsikring alle aksjane i Gjensidige Bank Holding, som igjen eig 100 prosent av Gjensidige Bank AS.

Kundesenteret til Gjensidige Bank i Førde. Foto: Reiel J. Haugland.

Kundesenteret til Gjensidige Bank i Førde. Foto: Reiel J. Haugland.

Nei til AS for sparebanken

I 2007 gav Finansdepartementet endeleg avslag på søknaden om å få skipe Sparebanken Sogn og Fjordane om til aksjeselskap med Gjensidige Forsikring som eigar av 34 prosent. Avslaget gjer at Sparebanken Sogn og Fjordane heller ikkje får ein aksjepost på 10 prosent i Gjensidige Holding.

Opptur og så nedtur

Men utbygginga av den nye nettbanken i Førde heldt fram. Frå 2008 tok Sparebanken Sogn og Fjordane over sal av skadeforsikringar i Sogn og Fjordane frå Gjensidige. I 2009 kjøpte Gjensidige Citibank og flytta eit kundesenter frå Barcelona til Oslo. I 2010 vart dette flytta vidare til Førde med åtte nye arbeidsplassar som resultat. Nettbanken til Gjensidige i Førde hadde etter det 63 tilsette. Men i 2011 tok Gjensidige Bank til med å redusere i Førde. Ti stillingar vart kutta, fleire avdelingar og delar av leiargruppa vart flytta til Oslo, mellom dei toppsjefen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.06.2011