Hopp til innhold
X
Innhald

Gjert Iversen

Alf Iversen Eftf. og kaia på Mjømna. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Alf Iversen Eftf. og kaia på Mjømna. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Gjert Iversen starta i 1893 landhandel i Mjømna. Han vart også skips- og postekspeditør.

Sonen Alf tok over i 1931 og bygde samstundes kai og nytt forretningsbygg. Dottera Astrid Fagerbakke og mannen Bjarne tok over i 1968 og dreiv til 1990, då sonen Jon Terje Fagerbakke overtok. Forretninga heitte Alf Iversen Eftf. og dreiv landhandel, bensinstasjon og dampskipsekspedisjon, men vart lagd ned i 2007.

Astrid Fagerbakke (t.h.) dreiv butikken i Mjømna i 22 år, før sonen John Terje overtok i 1990. Til v. Elisabeth Torsvik som  var med frå 2000. Biletet vart teke i samband med at butikken vart lagd ned i 2007. Foto: Hans Petter Martinussen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 30.07.2010