Hopp til innhold
X
Innhald

Gjesteheimen

Gjesteheimen på Byrkjelo. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gjesteheimen på Byrkjelo. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gjesteheimen pensjonat og kafé på Byrkjelo vart starta av Torolv Hjelle i 1933. Pensjonatet hadde plass til 15 senger. I 1961 overtok sonen Magne Hjelle, og huset vart utvida slik at det fekk plass til 40 gjestesenger.

I 1996 selde Magne Hjelle Gjesteheimen til antikkhandlar Åse Moen frå Gimmestad. Ho dreiv m.a. kafé kombinert med antikkutsal i bygget ei tid før ho selde.

Etter fleire eigarskifte kjøpte Per Arne Hjelle Gjesteheimen. Bygget har ei tid vore utleigd til Gordon Hotell på Reed.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.10.2009