Hopp til innhold
X
Innhald

Gjestgiveri i Holmedal

På Loftet i Holmedal var det også gjestgiveri frå tidleg på 1700-talet. Då Trude Nitter i 1758 fekk løyve til å drive gjestgiveri med skjenking på Tysseberget på andre sida av fjorden, kom han i strid med gjestgjevarane på Loftet og på Tross i Dale om retten til å gje folket i Dalsfjorden den rusen dei ynskte. Trude Nitter vann striden, og fekk tappe ølet sitt i fred på Tysseberget.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.06.2008