Hopp til innhold
X
Innhald

Gjestgiveri og handel i Lunden på Slinde

Lunden på Slinde. Teikning frå Skillings-Magazin 1867.

Lunden på Slinde. Teikning frå Skillings-Magazin 1867.

Lunden ligg på vestsida av munningen til Sogndalsfjorden, og det var her at postroarane gjekk opp under med postenm som skulle innover til embetsmenn i Sogndals-området. I Lunden vart det drive handel og gjestgiveri frå slutten av 1600-talet.

Den første handelsmannen og gjestgjevaren som ein kjenner namnet på, var Jens Nilsson Hess. Han kom frå Hafslo. Kring 1705 gifta han seg opp att og flytta til Lærdalsøyri for å drive handel der. Jens Hess var nok ein velståande mann, for han fekk bygd eit eige privat gravkapell ved Hauge kyrkje. Saman med faren kjøpte han den store oppgangssaga i Erdal og dreiv skogsdrift på Strendene langs Årdalsfjorden.

I 1727 fekk ein av sønene til Jens Hess, Nils Jensson Hess, løyve til å drive gjestgiveriet i Lunden. Dette dreiv han til 1746.

Også i 2007 er det overnattingstilbod på Slinde, i Lunden Apartments. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Også i 2007 er det overnattingstilbod på Slinde, i Lunden Apartments. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Jens Jonsson Lunden overtok gjestgiveriet på Slinde, og fekk også kremmarløyve i 1759. Jens vart også utnemnd til lensmannn i bygda i 1770. Sonen Kristoffer Lunden dreiv ei tid handelsstaden og gjestgiveriet etter at faren døydde i 1778, men flytta i 1781 til ein gard på Fimreite. Han flytta etter ei tid tilbake til Lunden, men det er uvisst om han dreiv noko handel eller losji etter at han kom tilbake. På denne tida vert det i 1785 nemnt at det er planta ein stor frukthage i Lunden.

Lunden vart i 1798 kjøpt av Ingemar Hansson Njøs, og sidan har eigarane drive både handel og dampskipsekspedisjon i Lunden til langt fram på 1900-talet.

Slinsesenteret. På Slinde har det vore handel sidan 1600-talet.Foto: Ottar Starheim, NRK.

Slinsesenteret. På Slinde har det vore handel sidan 1600-talet.Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.08.2011