Hopp til innhold
X
Innhald

Gjestgiveri og handel i Vevring

Tingneset, slik det såg ut ca. 1900. Her var det både skysstasjon, gjestgiveri og handel. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Tingneset, slik det såg ut ca. 1900. Her var det både skysstasjon, gjestgiveri og handel. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

På Tingneset i Vevring står eit herskapeleg, toetasjes hus med halvvalma tak midt i ei klyngje av eldre bygningar. Huset er frå 1790, men vart utvida og ombygt i 1858. På Tingneset var det skysstasjon frå midten av 1600-talet, og frå tidleg på 1700-talet også gjestgiveri.

Anders Nilsson Feios, som fekk gjestgjevarløyvet på Tingneset i 1743, fekk også drive ein liten landhandel, sjølv om han ikkje hadde såkalla borgarbrev for handelsverksemd. Skysskaffaren på Tingneset var plikta til å stille rorskarar for skyssing av prest, fut og andre embetsfolk til næraste skysstasjon. Austover var det til Naustdal og Førde, og vestover til Hellevik ved Stavang eller Sauesund på Atløy.

Tingneset i 2007. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Tingneset i 2007. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Frå 1746 ser det ut til at gardbrukaren på Tingneset, Anders Halvorsson, fekk overta halve løyvet til å drive gjestgiveriet og skjenke øl. Etter kvart må Anders ha overteke det meste av aktiviteten, for i 1759 er han omtala både som gjestgjevar og skysskaffar. I 1788 gifta Lars Jakobsson frå den velståande garden Roteneset i Førde seg medei av døtrene til Anders Halvorsson. Ho heitte Inger. Han tok då namnet Lars Jakobsson Thingnæsset (sjå denne). Lars vart både gjestgjevar og handelsmann på Tingneset og vart vald inn på Stortinget fleire gonger. Ein bror av Lars, Ola Jakobsson, gifta seg til ein gard i Gryta og vart ein sentral person i haugianarmiljøet i desse bygdene tidleg på 1800-talet. Far til brørne Lars og Ola var Jakob Madsson Rotenes som vart rekna som ein av dei rikaste i Sunnfjord på den tida, og dei to brørne som flytta vestover til Vevring og Gryta, arva store verdiar etter faren.

Frå Tingnes skysstasjon. Teikning av O. Wald (som har gjort landskapet litt meir dramatisk enn det er).

Frå Tingnes skysstasjon. Teikning av O. Wald (som har gjort landskapet litt meir dramatisk enn det er).

Haugianarane på Tingneset

Etter 1830 var det haugianarane som rådde grunnen med handel og anna verksemd på Tingneset. Emissæren Erik Olsson Gjellaker (1780-1861) frå Ål i Hallingdal var den første haugianaren som vart gjestgjevar og handelsmann på Tingneset. Han tok ”Thingnes” som familienamn. Som så mange andre tilflytta haugianarar, kom Erik Gjellaker til Sunnfjord som dreng hjå Ole Torjusson Svanøe (sjå denne – Flora kommune) på Svanøy hovudgard. Før han kom til Vevring hadde familien eigd ein gard på Mjelva i Romsdalen, der haugianarane også hadde godt rotfeste. Då Fylkesbaatane starta rutene sine i 1858 vart Erik O. Thingnes dampskipsekspeditør, og vart seinare også postopnar. Sonen Ola E. Thingnes (1829-1896) som var fødd i tida då familien budde i Romsdalen, tok over verksemda då faren døydde. Som vanleg var i haugianarflokken, var eigarane på Tingneset driftige folk som m.a. bygde ei eiga reiparbane for tauproduksjon på garden. Myra der reiparbana låg heiter Banemyra den dag i dag.

Vevring Landhandel heldt til i dette huset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vevring Landhandel heldt til i dette huset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Torleiv Førland.

Torleiv Førland.

Vevring Landhandel

I 1882 vart butikkdrifta skild frå gardsdrifta på Tingneset, og i 1891 starta Erik Olsson Thingnes Vevring Landhandel A/S. Dottera Hanna vart gift med jekteskipperen Anders Førland frå Tysvær i Rogaland. Paret tok over butikken i 1907, og i 1925 bygde dei nytt forretningsbygg i bukta vest for Tingneset. Der vart det også bygd dampskipskai, og der låg postopneriet. På 1930-talet dreiv Vevring Landhandel også ein filial på Kvellestad i eit hus som stod like ved det lokale meieriet der.

Pionérbutikk i nærbutikkprosjekt

Sonesonen Torleiv Førland vart leiar for verksemda i 1942. På 1970-talet var butikken pilotbutikk i det landsomfattande prosjektet for å berge små nærbutikkar. Førland bygde nytt forretningsbygg i 1985. Då Førland gav seg, skipa bygdefolket i Vevring, på same vis som på Fimland, eit aksjelag for å drive nærbutikken sin vidare under namnet ”Fjordbutikken AS”.

Fjordbutikken i Vevring. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fjordbutikken i Vevring. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.12.2010