Hopp til innhold
X
Innhald

Gjestgiveri og handel på Hafstad

Hafstad sett frå Teigen. Vi skimtar taket på Hafstad Hotell til høgre i biletet. Foto: Olai Fauske. © Fauskesamlinga, Sunnfjord Museum/Fylkesarkivet.

Hafstad sett frå Teigen. Vi skimtar taket på Hafstad Hotell til høgre i biletet. Foto: Olai Fauske. © Fauskesamlinga, Sunnfjord Museum/Fylkesarkivet.

I tillegg til at Langebrua frå 1836 knytte sør- og nordsida av Førde tettare saman, var det også ei anna viktig hending som gjorde at både handel og ferdsle gradvis flytta seg bort frå Sjøahola og over elva til Hafstad på sørsida: I 1785 kom Den trondhjemske Postvei gjennom Sunnfjord. Denne gjekk på sørsida av Jølstra, og Hafstad-garden vart ein naturleg stad for skyssbyte og overnatting. Nils Helgeson Hafstad vart gjestgjevar, og i 1838 fekk Karl A. Skei løyve til å drive handel på Hafstad. Seinare overtok handelsmannen Christoffer Krohn frå Bergen gjestgjevargarden og handelen på Hafstad. Krohn eigde også gard på Brulandsvellene som han kalla Kronborg. Der starta han herberge og skysskaffarstad i 1848. Men Krohn gjekk konkurs i 1870 og reiste tilbake til Bergen, der han vart bakar. Elles er det omtala at ein Peder Valeur i 1855 dreiv med landhandel både på Hafstad, Halbrend og Skei.

Den eldste delen av hotellet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Den eldste delen av hotellet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hotellet på Hafstad

I 1863 fekk Gunnar Helgeson Hafstad (1836-1916) løyve til å drive handel på Hafstad-sida. Truleg hadde Gunnar Hafstad lagt seg opp ein del pengar som féhandlar før han tok til å kjøpe opp og byggje ut på Hafstad. Han kjøpte også den gamle sjøbua som den konkursråka Georg Schultz (sjå ovanfor) hadde bygd på Hafstad (Flatenbua). Gunnar vart også skysskaffar og dreiv gjestgiveri, og grunnla Hafstad Hotell, som du kan lese meir om under Hotell og overnattingsstader i Førde.

Den nyaste bygningen til Quality Førde Hotell. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Den nyaste bygningen til Quality Førde Hotell. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.11.2011