Hopp til innhold
X
Innhald

Gjestgiveri og handel på Hestenesøyra

Hestenesøyra rundt 1890. Ukjend fotograf.

Hestenesøyra rundt 1890. Ukjend fotograf.

Bergensaren Daniel Didrik Müller starta den første handelen og gjestgiveriet på Hestenesøyra i 1712. Men omsetninga var nok elendig, for i 1730 selde han. Nils Andersson Tyndgren eigde deretter handelen og gjestgiveriet i sju år før Dines Danielsson Müller tok over i 1837. Han døydde i 1768. Enkja Dorte selde staden og flytta derfrå.

I 1770 tok Didrik Knutson Sætre frå Stryn over, og då han døydde i 1793, vart svigersonen Jakob Jonsson Lotsberg kremmar og gjestgjevar fram til 1825, då Jon Jonsson Hauge vart eigar.

I 1845 overtok Kornelius Jonson Øyra, men overlet staden til broren Jon i 1851 og flytta sjølv til Austlandet. Jon Jonson Øyra selde i 1859 til stryningen Amund Martinson Fosnes. Han reiste til Amerika i 1867 og overlet handelen og gjestgiveriet på Hestenesøyra til lærdølen Ivar Øvregaard. Han vart i tillegg både postopnar og dampskipsekspeditør på Hestenesøyra.

Dette huset på Hestenesøyra har vore skjenkestove. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dette huset på Hestenesøyra har vore skjenkestove. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 04.01.2011