Hopp til innhold
X
Innhald

Gjestgiveri og handel på Reed

Reed med kyrkja rundt 1890. Foto: Axel Lindahl.

Reed med kyrkja rundt 1890. Foto: Axel Lindahl.

I 1715 fekk borgaren Kristen Reinholdtson Vibdorph kongebrev på å drive handel og gjestgiveri på Reed. Kremmarleiet låg i fjæra like ved den gamle kyrkja. Under privilegiet til Vibdorph låg handel både med breimingane og folk i dei inste bygdene i Jølster. I eldre tider – før vegane kom til Førde – hadde nemleg bygdene i indre Jølster eit enklare samband nordover til Breim og Gloppen: Gamle brev frå middelalderen fortel at jølstringane hadde fritt tilgjenge til sjøen ved Holvik på Sandane. Her skulle dei og breimingane ha både naustrett og beiterett for hestane sine.

Flaum i vertshuset

I 1723 overtok Peder Baltsersen Wittrup som kremmar og gjestgjevar på Reed. Det vert opplyst at han hadde bygd så langt nede ved vasskanten at golvet ofte vart overfløymt av vatn når Breimsvatnet vaks i flaumtida. I 1725 førte Wittrup sak mot ein ”Engell i Fjæren” som har prøvd seg med ulovleg sal av øl, brennevin og tobakk. To andre vart også stemna for retten av Wittrup for mistanke om ulovleg handel av slike varer, og det same skjedde mot kaptein Christian Bugge som budde på garden Evebø nede ved fjorden.

Kanskje var båten på denne teikninga den aller første ”turistferja”? Dei første turistane vart rodde på Breimsvatnet mellom Reed og Årdal.

Kanskje var båten på denne teikninga den aller første ”turistferja”? Dei første turistane vart rodde på Breimsvatnet mellom Reed og Årdal.

Dårleg lønsemd

I 1751 overlet Wittrup handel og gjestgiveri til sonen Peder Pederson Wittrup, men han måtte gje opp i 1756. Den som tok over, var bergensaren Peter Christian Næsgaard som hadde drive litt handel og skjenking på Reed før han kjøpte Wittrup sine eigedomar. Men skjenkestova på Reed må ha vore lite lønsam, for også han gav opp og flytta heim att til Bergen i 1771. No var det Rasmus Gunnarsson Gloppestad sin tur til å prøve seg på Reed. Gloppestad vart også lensmann i Breim.

Gjestgjevaren myrda

I 1784 heitte gjestegjevaren på Reed Kristen Nilsson Mardal. I 1788 vart han stukken i hel av ein omreisande våpensmed. Den som no tok over, var Peder Gunnarsson Gloppestad som truleg var bror til den tidlegare eigaren; lensmann Gloppestad. Då Peder døydde i 1793 freista enkja Kristense å drive gjestgiveriet vidare, men gav opp i 1802. Sonen Nils tok over, men drukna like etter. I 1805 fekk tambur Lars Jakobson Sætre bygsle eit stykke jord på Rebakken og løyve til å drive handel, og i 1817 fekk han løyve til å drive gjestgiveri der. I

Teikning frå slutten av 1800-talet av Reed med Breimsvatnet og fjellet Skjorta i bakgrunnen.

Teikning frå slutten av 1800-talet av Reed med Breimsvatnet og fjellet Skjorta i bakgrunnen.

Frå gjestgiveri til hotell

1842 tok Johannes Larsson Reed over som gjestgjevar, og i 1854 fekk han løyve til å drive handel på Rebakken. Han hadde plikt til å drive gjestgiveriet, for framleis var det mykje folk som reiste langs Den trondhjemske Postvei. Dei vart då rodde over Breimsvatnet frå Årdal i sørenden, og overnatta då gjerne på Reed. Vegen gjennom Våtedalen kom nemleg ikkje før i 1889. Johannes Larsson Reed bygde det første hotellet på Rebakken, Victory, truleg kring 1854. Dette bygget står framleis i tunet på Rebakken og vert nytta som butikkmuséum og pub. Sonen Lars Johannesson Reed vart eigar av Rebakken i 1873.

I 1884 bygde så broren til Lars, læraren Elias Reed, Gordon Hotell like ved Victoria Hotell. Gordon Hotell er framleis i drift.

Reed med Gordon Hotell til høgre. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Reed med Gordon Hotell til høgre. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.01.2011