Hopp til innhold
X
Innhald

Gjestgiveri og handel på Vereide

Vereide i fugleperspektiv. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Vereide i fugleperspektiv. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Den første kremmaren og gjestgjevaren som slo seg ned ved hovudkyrkja på Vereide, var bergensaren Berent Jonson. Han fekk privilegium til å drive handel og skjenking på Vereide tidleg på 1600-talet. Gjestgiveriet låg på garden i Korsvika, den som seinare er best kjend som lensmannsgarden på Vereide.

Balchen-familien i Korsvika

Huset i Korsvika vart også nytta til såkalla sesjonar – d.v.s. når ein innrullerte nye soldatar til militærteneste. I Korsvika står det framleis att hus frå tidleg 1700-tal. Byborgaren Berent Jonson hadde kome til Vereide gjennom eit giftarmål med ei velståande enkje der. Berent var frå den kjende Balchen-slekta, men han nytta ikkje familienamnet sjølv. Ei grein av denne Balchen-familien på Vereide vart frå slutten av 1680-talet kremmarar og gjestgjevarar i Smørhamn på Bremangerlandet. - Les meir om dette under Bremanger kommune.

Lensmannsgarden i Korsvika. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Lensmannsgarden i Korsvika. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Strid om Korsvika

Andre generasjon, Jens Berentson Balchen, vart kremmar og gjestgjevar i Korsvika frå 1689 til 1714, då sonen Berent tok over. Lensmann Kristen Nilsson Vereide freista i 1721 å lure til seg brev på at han hadde retten på Korsvika. Men han vart saksøkt av Berent Jensson Balchen for å ha drive sal av øl, tobakk og brennevin, og lensmann Kristen måtte tole ei dugeleg bot. Også ein gong seinare rauk dei to usamde om øl- og spritsal på Vereide. Då Kristen Vereide døydde i 173, overtok Berent Balchen også lensmannvervet i bygda og hadde det heilt til han døydde i 1754. Både lensmannstittel og gjestgjevarløyve gjekk då over til sonen Jens Berentson Balchen jr.

Korsvika ligg til høgre i dette biletet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Korsvika ligg til høgre i dette biletet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Då han døydde i 1782, var også Balchen-tida i Korsvika ute. Jakob Olson Apalset tok over, men flytta seinare til ein gard på Apalset. I 1812 bygsla Knut Søffrensson Wittrup Korsvika, og etter han tok brorsonen Mons Didrikson Wittrup over i 1848. Han miste einaste sonen sin, Didrik, då denne drukna på vinterfiske saman med fem andre glopparar i 1874. Det vart såleis dottera Eli som tok over Korsvika. Ho løyste inn eigedomen frå bygselkontrakten med prestegarden i 1900.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.01.2011