Hopp til innhold
X
Innhald

Gjestgiveri på Kyrkjøy

Kyrkjøy. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kyrkjøy. Foto: Ottar Starheim, NRK.

På Kyrkjøy ved Rutletangane like aust for Sygnefest stod det i mellomalderen ei kyrkje. Her var jektehamn, og frå 1732 vart det drive gjestgiveri med ølskjenking der. Men det lønte seg dårleg, og vart nedlagt etter få år.

Seinare kom det gjestgiveri på Rutle på fastlandet, men også dette vart nedlagt kring 1760. Korkje der eller på Sygnefest fekk gjestgjevaren drive anna handel.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.07.2010