Hopp til innhold
X
Innhald

Gjestgiveri på Tysseberget

Eigaren av storgarden Tysse, Trude Nitter, fekk i 1758 løyve til å drive kro og gjestgiveri på Tysseberget.

Han kom straks i krangel med krovertane Holmedal og på Tross i Dale fordi dei meinte at avstanden til deira skjenkestader var kortare enn ei mil - slik reglane kravde. Klagene førde ikkje fram, og Nitter kunne halde fram med skjenkestova på Tysseberget.

Også på garden Elde vart det sak om ulovleg ølskjenking av same grunn i 1707: Avstanden til konkurrerande ølkranar var for kort.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.06.2008