Hopp til innhold
X
Innhald

Gjestgjevarar i Fjaler

Skovly pensjonat. Foto: Marcus Selmer. © Fylkesarkivet.

Skovly pensjonat. Foto: Marcus Selmer. © Fylkesarkivet.

Handels- og gjestgjevarstaden Korssund

Det første gjestgiveriet i Korssund er nemnt i 1629. Sidan 1962 har namnet på handelsstaden vore Korssund Handel.

Skysstasjonen og handelsstaden Tross

Den gamle gjestgjevarstaden og skysstasjonen Tross låg ved sjøkanten, midt i det som no er Dale sentrum.

Gjestgiveri på Tysseberget

Eigaren av storgarden Tysse, Trude Christenson Nitter, fekk i 1758 løyve til å drive kro og gjestgiveri på Tysseberget.

Flekketunet, der det var skysstasjon. Fotoet er teke i 1933. Ukjend fotograf. ©Fylkesarkivet.

Flekketunet, der det var skysstasjon. Fotoet er teke i 1933. Ukjend fotograf. ©Fylkesarkivet.

Gjestgiveri i Flekke

I Flekke var det gjestgiveri på 1700-talet på ein stad som kallast Hola. I 1762 søkte enkja Maren Nilsdotter om å få skjenke øl, og fekk sterk støtte frå heile Guddalen, som ynskte å sløkkje tørsten i Flekke når dei hadde ærend til fjords. Gjestiveriet vart overteke av ein bergensar då Maren gav seg, og no vart staden i papira kalla «Schitne-Hollen» - på godt norsk «Skitnehola».

Skovly pensjonat

i Dale vart starta på 1890-talet av Thora Wettergren.

Dale Gjestgiveri - Dale Hotel

vart starta i 1920 i eit hus som tidlegare hadde vore grendaskule på Håland.

Nils Skagen

starta i 1934 pensjonat i Dale. Pensjonatet låg like ved dampskipskaia.

Fjordane Hytteutleige

i Hellevik vart starta i 1976 av Inger Hellevik. Verksemda driv utleige av 14 hytter.

Grytøyra Hytteutleige

på Grytøyra vart starta i 1987 av Aud Einen. Firmaet driv med tre hytter.

Hammerset Hytter

i Hellevik vart starta i 1993 av Ragnar R. Kjøsnes, som har tre hytter til utleige.

I tredje etasje i Dale Senter er det motell. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I tredje etasje i Dale Senter er det motell. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fjaler Kro og Motell

vart starta i 2002 i tredje etasje i Dale Senter. Namnet vart seinare endra til Dale Kro og Motell. Selskapet gjekk etter nokre år konkurs, men motellet vart drive vidare av Fjaler Bakeri og Konditori (vart kalla Motellet i Dale Senter). I 2011 vart Dale Kro og Motell opna på ny av Kinga og Attila Gyøri. I 2012 gjekk Dale Kro & Motell konkurs, og Else Marie og Rolf Ivar Skår tok over. Dei byggjer og ølbryggjeri i Dale.

Dale Kro og Motell

- sjå Fjaler Kro og Motell.

Motellet i Dale Senter

- sjå Fjaler Kro og Motell.

D/S ekspedisjonen

I 2005 bygde Kåre Solheim om det gamle ekspedisjonsbygget på kaia til fem utleigehusvære for turistar. Bygget har namnet D/S ekspedisjonen. Sjå og Forretningsfamiliane Hope, Solheim og Dale.

D/S ekspedisjonen i Dale. Foto: Ottar Starheim, NRK.

D/S ekspedisjonen i Dale. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.04.2012