Hopp til innhold
X
Innhald

Gjestgjevarstad i Brekke

Lovisendal. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Lovisendal. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Frå 1733 til 1833 var det også gjestgiveri med skjenkestove i Brekke. Dette heitte Sjøstua og låg under Breche Gaard - betre kjend som Lovisendal.

Den første gjestgjevaren her var tambur (militær trommeslagar) Gregorius Knudsen Wiig frå Vik, og han vart avløyst av ein annan militær, sersjant Claus Jonson Engesetter. Han fekk også rett til brennevinsskjenking og sal av tobakk, men fekk ikkje lage brennevinet sitt sjølv.

Men her som elles, braut gjestgjevaren regelen om ikkje å skjenke bygdefolk, korkje øl eller brennevin. For å få bukt med den ulovlege skjenkinga, kjøpte prost Niels Griis Alstrup Dahl heile gjestgiveriet Sjøstua i 1833, og selde husa seinare for bortflytting. Som erstaning, let han reisande få bu i det store herskapshuset Lovisendal. I 1840 kjøpte han av same grunn også handels- gjestgivarstaden Skjerjehamn.

Lovisendal vart det også drive handel - sjå Ole Hatteberg.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.07.2010