Hopp til innhold
X
Innhald

Gjestgjevarstader i Førde

Quality Førde hotel, tidlegare Hafstad Hotell. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Quality Førde hotel, tidlegare Hafstad Hotell. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Omtalane er ordna etter startår.

Hafstad Hotell

vart grunnlagt i 1860 av skyss-skaffar Gunnar Hafstad. Hotellet heiter i 2003 Quality Førde hotell.

Sunnfjord Ungdomsheim og Hotell

– sjå Hafstad Hotell.

Førde Hotell

– sjå Hafstad Hotell.

Quality Førde hotell

– sjå Hafstad Hotell.

Sivertsens Hotell i Førde

Sivertsens Hotell vart bygt i 1866, og var fram til Domus-bygget tok over tomta på 1970-talet, eit landemerke på nordsida av Jølstra.

Rørvik Fjellstove

på Rørvikfjellet mellom Holsen og Haukedalsvatnet vart bygd av Aslaug Lien frå Sande ca. 1936.

Førde Pensjonat, tidlegare Lia Turistheim. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Førde Pensjonat, tidlegare Lia Turistheim. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lia Turistheim

vart starta i Førde i 1966 av Åsta og Arne Heimsæter. Arne dreiv også som forsikringsagent. Heimsæter-familien selde pensjonatet i 2000 til Gøril og Jostein Hillersøy, og det bytte namn til Førde Pensjonat. Førde Pensjonat har 17 dobbeltrom.

Førde Pensjonat

– sjå Lia Turistheim.

Sunnfjord Hotell, no Rica Sunnfjord Hotell, har sidan starten i 1968 vore mellom dei største overnattingsstadene i Sogn og Fjordane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sunnfjord Hotell, no Rica Sunnfjord Hotell, har sidan starten i 1968 vore mellom dei største overnattingsstadene i Sogn og Fjordane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sunnfjord Hotell

Bygd i 1968 etter initiativ frå Førde Næringssamskipnad. Eigarar vart eit «folkeaksjeselskap», med brei tilslutnad i bygda.

Rica Sunnfjord Hotel

- sjå Sunnfjord Hotell.

Rica Sunnfjord Hotell og Spa

- sjå Sunnfjord Hotell.

Førde Camping og Gjestehus. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Førde Camping og Gjestehus. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Førde Gjestehus og Camping

vart bygd på Brulandsvellene i Førde i 1992 av syskenborna Bjørn og Hans Bruland, Rica Sunnfjord Hotell m.fl. Gjestehuset har 16 gjesterom med plass til 32 gjester. I tillegg har anlegget 20 hytter og oppstillingsplass til 50 bilar.

Førde Motell

- sjå Forretningsfamilien Berge.

Førde Motell. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Førde Motell. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.12.2010