Gjestgjevarstader i Lærdal

Maristuen Høifjeldshotel vart bygt i 1888, men før det hadde det vore overnattingsstad i fleire hundre år på staden. Dette biletet er teke i 1937 Foto: Normann.
Reiseliv er ei av dei store næringane i Lærdal. Kongevegen over Filefjell gjorde at fleire av skysstasjonane oppover dalen tidleg utvikla seg til turisthotell. I 2013 overrekte næringsminister Trond Giske Lærdal eit merke som prov på at kommunen er eit berekraftig reisemål.
Verksemdene er ordna etter oppstartsår:
Maristova frå salustofa til høgfjellshotell
Ingen av dei gamle hotella i Sogn og Fjordane har så lange tradisjonar i ferdafolks teneste som Maristuen Høifjeldshotel ved den gamle ferdslevegen over Filefjell.
Maristuen Høyfjellehotell
- sjå Maristova frå salustofa til høgfjellshotell.
Maristova Fjellhotel
- sjå Maristova frå salustofa til høgfjellshotell.
Maristuen Fjellferie AS
- sjå Maristova frå salustofa til høgfjellshotell.
Rikheim Gaard og Gjestgiveri
Den tidlegare adelsgarden Rikheim ved Ljsøne fekk kongeleg løyve til å drive gjestgiveri i 1825.
Breistølen fjellstove
Ivar Olsson Kirkevoll Berge (1803-1895) opna fjellstove og skysstasjon for reisande på Breistølen på Hemsedalsfjellet i 1842.

Lindstrøm Hotel på 1890-talet. Foto: K. Knudsen. © Billedsamlingen, UBB.
Lindstrøm Hotel
Lindstrøm Hotel på Lærdalsøyri er eitt av dei eldste og særprega hotellanlegga i Sogn og Fjordane, og med ei mangslunga, fargerik og dramatisk historie. - sjå Forretnings- og hotellfamilien Lindstrøm.
Bertelsens Hotell
vart starta på Lærdalsøyri i 1870 av bergensaren Anton Olai Bertelsen.

Husum Hotell. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Husum Hotell
Husum Hotell er eitt av dei best bevarte hotellanlegga i landet frå slutten av 1800-talet.
Blaaflat Hotell
Blaaflat Hotell var tufta på den gamle skysstasjonen på Nedre Lysne.
Hegg Hotell
Hegg Hotell vart bygt av skysstasjonshaldar Jon Knutson Hæg på garden Hegg på 1880-talet.
Kvammes Hotel
Opphaveleg heitte dette hotellet i Øyragata på Lærdalsøyri «Lærdalsørens Hotell», og det vart bygt av Knut Anderson Fortun kring 1880.
Lærdalsørens Hotell
- sjå Kvammes Hotel.
Kvammes Pensjonat
- sjå Kvammes Hotel.

Annonse for turistskyssinga til Ivar Ødegaard. På fotoet i annonsa ser vi huset som faren, Dominikus Bjørkum, bygde for å ta imot reisande.
Overnatting og skyss på Øygarden
Dominikus Bjørkum bygde på slutten av 1880-talet to-etasjes hovudhus i sveitsarstil på garden sin Øygarden og satsa på å ta imot reisande. Sonen Ivar starta skyssfirma «Ivar Ødegaard & Co» på ruta Lærdal-Odnes-Gjøvik. Garden søkte om å verte skysstasjon på Ljøsne, men tapte i konkurranse med Blåflat Hotell.
Sanden Kafé og Pensjonat
Sanden Kafé og Pensjonat på Lærdalsøyri vart starta i 1897 av Ola Jensson Sanden.
J. J. Eris Pensjonat
vart starta på Lærdaløyri ca. i 1903 av Jens Eri. Pensjonatet heldt til i eit hus som vart bygd i 1840 av bakar Ingebrigt Ingebrigtsen. I 1903 kjøpte Sønneva Eri huset, og det var sonen Jens Eri som dreiv kafé og pensjonat i huset.

Kirkevolds Pensjonat & Kafé vart starta kring 1910 i det kvite huset. Den raude bygningen bak er tidlegare Kvammes Hotell. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Kirkevold Pensjonat & Kafe
vart starta av Haakon O. Kirkevold (1882-1952) på Lærdalsøyri, truleg kring 1910. Dette heldt til i det som idag vert kalla Petter-Johannes-huset eller Kyrkjevollhuset. Kirkevold hadde også drosje, sjuketransport og postkøyring.
Kirkevolds Hotel
Kirkevolds Hotel vart bygt av Ola Håkonson Kirkevoll (1844-1923) like ved Borgund stavkyrkje i ca. 1916.
Borgunds Hotel
- sjå Kirkevolds Hotel.

Hans Eggum dreiv mellom anna med hesteskyss. Ukjend fotograf. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.
Hytter og teltplass på Steinklepp
Hans Eggum bygde i 1929 utleigehytter og dreiv teltplass på Steinklepp i Borgund. Dette var ein av dei første campingplassane i heile landet.
Kristina Kvamme
på Øvre Kvamme i Borgund starta på 1930-talet eit lite pensjonat i eit kårhus på garden. Etter krigen starta sonen Håkon H. Kvamme og ektemaken Astrid med campingplass og utleigehytter som attåtnæring til gardsdrifta.
Kvigne Pensjonat
vart starta i 1945 på garden Kvigne som ligg eit stykke oppe i dalen frå Erdal ved fjellvegen over til Aurland.

Offerdal Hotell med gamlebygget til høgre. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Offerdal Hotell
på Lærdalsøyri vart starta som pensjonat i 1947 av Jens og Kirsti Offerdal.
Offerdal Pensjonat
- sjå Offerdal Hotell.
Grandane Hotel
- sjå Offerdal Hotell.
Eri gard og gjesteheim
på Nedre Eri vart starta i 1949 av Jens og Ragnhild Eri. Pensjonatet hadde 10 gjesterom, og selskapslokala kunne ta opp til 70 gjester. Pensjonatet vart lagt ned i 1974.

Lærdal Hotel. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Lærdal Hotel
Kristian Nedberge starta møbelbutikk i 1945 og litt seinare eit pensjonat som i 1974 vart til Fjordstuen Hotell, seinare fekk det nament Lærdal Hotell.
Fjordstuen Hotell
- sjå Lærdal Hotel.
Olav T. Skårheim
starta i 1967 campingplass med utleigehytter på garden Bjøråker i Borgund. I åra fram til 1974 vart det bygt i alt 14 hytter, i tillegg til kiosk og felles sanitæranlegg.
Borlaug Turistheim og Vandrarheim
vart bygd av Sigrid og Olav Haugen i 1968.

Nettsida til Steinklepp Camping.
Steinklepp Camping
med utleigehytter vart starta i 1970 av Arne Kvamme. I 2008 har campingplassen 15 utleigehytter og oppstillingsplass for 20 campingvogner.
John A. Vindedal
starta campingplass på garden Ytre Vindedal i 1970. John døydde i 1984, og enkja Aletta dreiv i campingplassen nokre år etter saman med med dottera Jorunn.

Borgund Hyttesenter og Camping. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Borgund Hyttesenter og Camping
vart starta i 1975 av Olav H. Voldum. I 2006 overtok sonen Ole André Voldum drifta. Campingplassen har 10 hytter og kring 45 oppstillingsplassar for bubilar og campingvogner.
Vindedal Camping
vart starta i 1977 i Vindedal av Atle J. Vindedal. Han hadde då lagt ned gardsdrifta og bygde i staden fleire campinghytter på garden sin.
Olav og Ragnhild Tråve
starta i 1977 med utleigehytter på garden sin på Tråve i Borgund. Dei omreidde m.a. eldre hus på garden, og har til saman kring 60 overnattingsplassar.

Lærdal Ferie og Fritidspark. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Lærdal Ferie og Fritidspark A/S
på Lærdalsøyri vart opna i 1991 med Margunn Thue som ein av skiparane og dagleg leiar.
Eri Gardshus
gjestegard vart starta på Nedre Eri i 1993.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 25.03.2014