Hopp til innhold
X
Innhald

Gjølanger Bruk AS

Gjølanger Bruk AS vart starta i 1925 av tidlegare skipsreiar og spekulant Erik Grant Lea frå Bergen. I jobbetida som fylgde med den første verdskrigen, bygde Lea opp eit av dei største reiarlaga i Europa. Eigedomen i Gjølanger hadde han fått hand om i 1919.

Etter ein konkurs der det store reiar- og finansimperiet hans gjekk over ende, flytta Lea til Gjølanger, der han bygde opp landhandel, mølle, sagbruk og trelasthandel, og var poststyrar. Han dreiv også ei tid pelsdyrfarm.

Anlegget på Gjølanger vart totalskadd av brann i 1951, men alt unnateke mølla vart bygt opp att. Eigedomane i Gjølanger vart i 1971 kjøpte av Conrad Martin Øvrebø frå Naustdal, som dreiv sagbruket og trelasthandelen vidare.

Gjølanger Fisk AS

Sonen Erik Øvrebø starta i 1974 oppdretts- og settefiskselskapet Gjølanger Fisk AS. Mellom 1981 og 1990 var Per Storegjerde frå Naustdal med som kompanjong. Oppdrettsselskapet utvikla seg etterkvart til ei svært lønsam verksemd: I år 2000 var omsetninga oppe i 64 millionar kroner.

Verksemda i Gjølanger sysselset på årsbasis 12 årsverk. I 2001 vart oppdrettsdelen seld til Aqua Farms i Gulen, medan Øvrebø-familien heldt fram med settefiskproduksjonen under firmanamnet Gjølanger Bruk AS. I 2001 overlet Erik Øvrebø selskapet til borna Siren, Solfrid og Sindre, og sit att med berre 4 prosent eigardel sjølv. Gjølanger Bruk er holdingselskap for investeringsselskapet Gjølanger Utvikling AS, og Siren Øvrebø driv dessutan sitt eige selskap Gjølanger Management AS.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.06.2008