Hopp til innhold
X
Innhald

Global Fish

Maaløy  Seafood eig i dag anlegget som Global Fish hadde i Måløy. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Maaløy Seafood eig i dag anlegget som Global Fish hadde i Måløy. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Brørne Geir og Jan Otto Hoddevik bygde frå slutten av 1980-talet opp Global Fish til eitt av dei største fiskeriselskapa i Noreg, med anlegg frå Egersund til Trøndelag.
Selskapet flytta etter ei tid administrasjonen frå Måløy til Ålesund. I 2000 gjekk Global-gruppa inn i Pan Fish.

Etter vanskar i Pan Fish, kjøpte ei lokal gruppe i 2002 66 prosent av aksjane i anlegget i Måløy, og driv det under namnet Maaløy Seafood AS. Dei største eigarane vart etter kjøpet Birger Hjønnevåg og dottera Nina Hjønnevåg frå Solund med 30 prosent av aksjane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.10.2011