Hopp til innhold
X
Innhald

Gloppen Mek. Verksted AS

Gloppen Mek. Verksted. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gloppen Mek. Verksted. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gloppen Mek. Verksted AS vart grunnlagt på Sandane i 1997 av Svein Aasemyr. Verkstaden produserte stålkonstruksjonar til verkstadindustrien. Flytta i 2001 inn i nytt produksjonsbygg på 1200 kvm på Austrheim, og dreiv med kring 12 tilsette inntil verksemda gjekk konkurs i 2003.

I 2005 overtok kraftforprodusenten Fiskå Mølle anlegget. Fiskå Mølle planla bygging av ein kraftforfabrikk til 40 millionar kroner som skulle dekkje nordre deler av Vestlandet. Mellom anna var det planar om å reise forsiloar på inntil 30 meters høgde på Austrheim. Men avgjerda om å byggje fabrikken trekte ut, og i 2010 sa Fiskå Mølle at sjølv om planane ikkje heilt er skrinlagde, så er ei utbygging ikkje realistisk.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.11.2010