Hopp til innhold
X
Innhald

Gloppen Mølle

Gloppen Mølle, der det i dag er husvære. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gloppen Mølle, der det i dag er husvære. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gloppen Mølle på Sandane vart grunnlagd i 1917 av distriktsveterinær Einar Sorterup og Ole G. Ryssdal.

Millionæren William Henry Singer jr. i Olden skal ha hjelpt til med finansieringa. Mølla var den største i Nordfjord ved sida av Olden Mølle. Ei tid var mølla eigd av Rieber & Søn og seinare Stormøllen for sal av jordbruksvarer. Stormøllen flytta seinare over i pelsforlaget sine lokale.

Bygningen er idag teken vare på: I 1996 kjøpte Sigmund Vereide bygget og sette det i stand til bustader.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.01.2011