Hopp til innhold
X
Innhald

Gloppen og Bredheims Handelsforening

Gloppen og Bredheims Handelsforening heldt til i bygningen til venstre på dette biletet frå slutten av 1800-talet. Vi ser folk vente på dampbåten. Ukjend fotograf. Foto frå Soga om Gloppen og Breim

Gloppen og Bredheims Handelsforening heldt til i bygningen til venstre på dette biletet frå slutten av 1800-talet. Vi ser folk vente på dampbåten. Ukjend fotograf. Foto frå Soga om Gloppen og Breim

Gloppen og Bredheims Handelsforening vart grunnlagd på Sandane i 1878. Det vert også omtala som Gloppen og Breim Handelslag. Den kjende kjøpmannen Anton O. Skarstein vart første styrar for laget fram til han starta eiga forretning i 1881.

I 1891 fekk laget skøyte på ei tomt ved dampskipskaia og starta i 1893 eige meieri der. Dette avløyste småmeieria i bygdene kring Gloppefjorden. Bøndene skipa køyrelag for å frakte mjølka fram til meieriet.

Handelsforeninga bygde eit stort pakkhus like vest for dampskipskaia til Ødven. Jørgen Ryssdal dreiv ei tid tønnefabrikk i denne bua som han leigde av laget.

Frå den tida Jørgen Ryssdal dreiv tønnefabrikk i bua. Ukjend fotogrtaf. © Fylkesarkivet.

Frå den tida Jørgen Ryssdal dreiv tønnefabrikk i bua. Ukjend fotogrtaf. © Fylkesarkivet.

Gloppen og Bredheims Handelsforening gjekk konkurs i 1899, men heldt i gang meieridrifta i leigde lokale i det same bygget fram til 1908 då Gloppen Meieri vart skipa. Då Gloppen Handelslag vart skipa i 1921, vart dette såleis ikkje eit framhald av Gloppen og bredheims handelsforening.

I 1905 overtok norskamerikanaren Lars K. Klakegg det tidlegare handelslagshuset i Sandane sentrum og dreiv ein kafé der fram til dottera Karoline Klakegg Litleré utvida drifta med overnatting under namnet Bondeheimen. I 1984 vart denne eigedomen seld til bokhandlar Eikenæs.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.04.2011