Hopp til innhold
X
Innhald

Gloppen Pelsdyrfôrlag

Anlegget til Gloppen Pelsdyrfôrlag. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Anlegget til Gloppen Pelsdyrfôrlag. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gloppen Pelsdyrfôrlag A/L vart skipa i 1961, og dermed fekk dei mange pelsdyrfarmarane i Nordfjord avlasting for det tungvinte og tidkrevjande arbeidet å skaffe råstoff og male pelsdyrfôret sjølve.

Første tida heldt fôrkjøkkenet til i dei nedlagde lokala etter Gloppen Fruktpakkelager. Men laget ekspanderte sterkt og bygde stort produksjons- og fryseanlegg på 4000 kvm. Med eigne tankbilar leverte fôrkjøkkenet på Sandane pelsdyrfôr til storparten av Sogn og Fjordane fylke.

Verksemda hadde i 2000 10 tilsette og ei omsetning på 10,1 millionar kroner.

Verksemda bytte namn til Vest-Norsk Fôr BA. I 2008 vart firmaet slege saman med Midt-Norsk Fôr BA, og fôrproduksjonen på Sandane vart lagd ned.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.01.2011