Hopp til innhold
X
Innhald

Gloppen Sementsteinsfabrikk

Gloppen Sementsteinfabrikk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gloppen Sementsteinfabrikk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gloppen Sementsteinfabrikk vart starta i Bukta i 1919 av Bertel Ramnestad. Etter kring fem års drift overtok kjøpmannen på Ryggøyra, Johan Lothe, som eigar. Fabrikken framstilte både byggestein og takpanner i betong.

Etter fleire eigarskifte overtok Knut Sande fabrikken i 1942, og sønene Jarle og Steinar Sande tok over som leiarar i 1984. I 1985 vart fabrikken utvida med eit påbygg ned mot sjøen.

Produksjonen av takstein tok slutt i 1975, og av murstein i 1997. I dag driv firmaet som byggjevareforretning og med reparasjon av skorsteinspiper.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.10.2009