Hopp til innhold
X
Innhald

Gloppens Spare- og Forbrugsforening

Her dreiv først Gloppens Spare- og Forbrugsforening og seinare Josef H. Lothe landhandel. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Her dreiv først Gloppens Spare- og Forbrugsforening og seinare Josef H. Lothe landhandel. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gloppens Spare- og Forbrugsforening var eit aksjelag som starta handel på Hestenesøyra i 1873. Laget hadde medlemer frå Nesjane, Nordbygda (Lote og Hennebygda, no i Eid kommune) og Hyen. Dette var ein type samvirketiltak som vart skipa til i mange bygder frå 1870-talet og utover. Føremålet var å sikre bøndene rimelege innkjøp av m.a. reiskapar og kunstgjødsel, og hjelpe dei med omsetjinga av landbruksvarer.

Laget heldt først hus hjå I. Øvregård som sjølv hadde drive med litt handel. I 1880 kjøpte laget handelsstaden til numedølen Abraham P. Bøchmann, ein omreisande skreppekar som hadde slege seg ned med handel på Hestenesøyra i 1865. Då var det tre handelsmenn i den vesle bygda, og den harde tevlinga dei imellom gjorde at Bøchmann gjekk konkurs.

Josef H. Lothe overtok

Forbruksforeninga på Hestenesøyra vart oppløyst i 1901, og bygningane selde til Josef H. Lothe som dreiv handelen vidare. Saman med broren Rasmus som hadde lært seg byggefaget i USA reiste han eit stort treetasjes hus som stod ferdig i 1912. Dette er truleg det første huset av den sorleiken i landet som er bygt i reisverk og ikkje tømmer.

Byggeskikkpris for restaurering

Lothe-familien dreiv butikken til ut på 1980-talet. Sidan har eigarane Kari Håbrekke og Dag Lothe arbeidd med å restaurere handelsstaden på Hestenesøyra. For dette arbeidet fekk dei byggeskikkprisen til Gloppen kommune i 2011.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.10.2011