Hopp til innhold
X
Innhald

Grande Camping

Grande Camping. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Grande Camping. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Grande Camping vart starta på Grande i Oppstryn i 1955 av Ivar P. Erdal. Tidleg på 1970-talet dreiv sonen Per plassen i tre år før broren Arve Erdal og ektemaken Målfrid tok over i 1975. Dei dreiv til dottera Karin og ektemaken Jon Nesje tok over i 1999.

Grande Camping har oppstillingsplass for kring 40 vogner.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.01.2010