Hopp til innhold
X
Innhald

Gravdal Byggsenter

Gravdal Bygg på Halbrendsøyra. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Gravdal Bygg på Halbrendsøyra. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Gravdal Byggesenter AS vart grunnlagt i 1961 av byggmeister og entreprenør Magne Gravdal fødd 1928.

Gravdal Byggsenter er idag eit av dei største innan bustadbyggjing i Sogn og Fjordane med ei årsomsetning på over 100 millionar kroner i år 2006 og 25 tilsette. Selskapet har også bygd ei mengd skular og andre offentlege bygg kringom i Sogn og Fjordane.

I 1970 starta firmaet eigen takstolfabrikk. Frå 1974 heldt fabrikken til i eige bygg på 1200 kvadratmeter på Halbrendsøyra og vart driven fram til slutten av 1990-talet.

Audun Kidøy fødd 1943 vart disponent i 1981 og kjøpte då 20 prosent av aksjane. Magne Gravdal gjekk ut av firmaet i 1992, og Audun Kidøy overtok alle aksjane. I 1997 vart fire tilsette tekne inn som aksjonærar i verksemda med 30 prosent av aksjane. I 2001 trekte Kidøy seg ut av den daglege leiinga av verksemda. Firmaet har endra namn til Gravdal Bygg AS.

I 2006 kjøpte Gravdal Bygg 66 prosent av aksjane i Jo-Ry Byggmarked (sjå Jo-Ry Bygg AS) i Sørbøvåg i Hyllestad kommune.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.10.2010