Hopp til innhold
X
Innhald

Gründeren O. A. Lunde

O. A. Lunde i Bygstad er i dag Spar-butikk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

O. A. Lunde i Bygstad er i dag Spar-butikk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ole A. Lunde er ein av dei fremste forretningsgründerane i Gaular. Han starta i 1872 landhandel heime på Lunde. I 1877 flytta han til Eidevik i Bygstad. I 1884 selde han garden på Lunde og kjøpte garden Eidevik, der han i 1885 bygde «Lundes Hotell». Dette vart utvida på 1920-talet.

Lundes Hotell på eit prospektkort frå ca. 1890. Ukjend fotograf.  Eigar: Andreas Helle/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Lundes Hotell på eit prospektkort frå ca. 1890. Ukjend fotograf. Eigar: Andreas Helle/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Den tidlegare hotellbygningen i Bygstad. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den tidlegare hotellbygningen i Bygstad. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Handelsmann

I landhandelen «Kvitebua» i Eidevik tok Lunde m.a. imot mykje skogsbær som vart eksportert til Danmark, Tyskland og Amerika. Han dreiv også bakeri, og hadde jekt for varetransport til Bergen. Jektemannskapet kom oftast frå Bjørvikstranda - både dei som arbeidde for Lunde og for handelsmenn som tidlegare heldt til i Osen.

Oddny Antonsen Espeset og Oddvar Lunde i O. A. Lunde landhandel. Biletet er teke ein gong mellom 1930 og 1950. Ukjend fotograf. Eigar: Ottar Yndestad/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.)

Oddny Antonsen Espeset og Oddvar Lunde i O. A. Lunde landhandel. Biletet er teke ein gong mellom 1930 og 1950. Ukjend fotograf. Eigar: Ottar Yndestad/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.)

Den tidlegare tønnefabrikken til O. A. Lunde er bygd om til serveringsstaden Tønna. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den tidlegare tønnefabrikken til O. A. Lunde er bygd om til serveringsstaden Tønna. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I 1895 kjøpte Lunde eit sildesalteri i Rognaldsvågen ved Florø, men selde dette i 1905. I 1906 kjøpte han det gamle handelssetet på Sveen (sjå Skysstasjonen og handelssetet Sveen) og vart dampskipsekspeditør og postopnar.

Annonse for O. A. Lundes Tønnefabrikk i 1960.

Annonse for O. A. Lundes Tønnefabrikk i 1960.

Stor tønnefabrikk

I 1903 bygde O.A. Lunde tønnefabrikk i Eidevik. Heilt fram til kraftlaget leverte straum tidleg på 1950-talet, vart maskinane i tønnefabrikken drivne av diesel-aggregat. I jobbetida under 1. verdskrig kunne tønnefabrikken til O.A. Lunde produsere 60.000 tønner i året og ha 50 personar i arbeid.

Nytt forretningsbygg og bakeri

I 1919 tok Sigurd Birkeland over forretninga i Bygstad, og i 1930 vart det bygt nytt forretningsbygg med bakeri. Butikken som også hadde bensin- og oljelager, sysselsette fem personar. Tønnefabrikken flytta inn i nybygg i 1941 og sysselsette 20 personar. I gode år produserte fabrikken 75.000 tønner.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.09.2010