Hopp til innhold
X
Innhald

Grodåsmøbler A/S

Nettsida til Grodås Mønsterteknologi.

Nettsida til Grodås Mønsterteknologi.

Grodåsmøbler A/S vart skipa i 1983 av Annelise og Oddvin Haugen. Verksemda sette opp eige industribygg på Ytre Haugen i 1985 og produserte dei første åra møblar med treskurd. Fabrikken har vorte utvida fleire gonger og heiter no Grodås Mønsterteknologi etter at den har investert i fleire datastyrte fresemaskinar og har spesialisert seg på utfresing av mønster i møbeltreverk.

Grodås Mønsterteknologi tek også oppdrag på utfresing av støypeformer i plast, og har i 2006 sju tilsette.

Frå rundt 2010 har verksemda satsa på geværskjefte som nytt hovudprodukt, og leiinga rekna då med at dette vil føre til at talet på tilsette blir dobla. I 2013 var det 13 tilsette.

I 2014 skifta verksemda namn til GRS Riflestocks AS.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.04.2014