Hopp til innhold
X
Innhald

Gulebuda på Bakke

Gulebuda i Rugsund. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gulebuda i Rugsund. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Valdemar Gjertson Bakke (1849–1934) og sonen Albert V. Bakke (1880–1939) bygde ca. 1900 ei stor saltebu på Bakke i Rugsund.

Ho vart gulmåla, og på folkemunne vart ho difor kalla Gulebuda. Bakke-karane hadde eige notbruk, og i sildesesongen salta dei ned sild som dei selde til eit par firma i Haugesund. I dei store sildeåra kring 1950 vart det årleg salta ned 10-12.000 tønner sild på Gulebuda, og i den mest hektiske sesongen kunne arbeidet på buda sysselsetje kring 30 personar frå bygda. Gulebuda vart på denne tida mykje utvida, og fekk betre kaier slik at det var plass til sildedrivarane når dei skulle levere.

Svigersonen til Albert Bakke, Alf (Fløtre) Bakke (1913–1981), vart medeigar i Gulebuda. Buda var i drift til ut på 1960-talet. Både Valdemar Gjertson Bakke og Alf Bakke var aktive i lokalpolitikken; Valdemar m.a. som ordførar i Davik og Alf Bakke som ordførar både i Davik og i storkommunen Bremanger på 1960-talet. Albert Bakke var m.a. styreformann i Sogn og Fjordane Fiskarlag og i Stor- og Vårsildlaget.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 22.04.2010