Hopp til innhold
X
Innhald

Gullaks AS

Gullaks AS i Eivindvik vart starta i 1983 av lensmann Olav Bøe. Seinare vart røyrleggjar Steinar Jørs medeigar. Ei tid var også Arne Bøe, son til Olav Bøe, inne som medeigar og styrar. Anlegget var plassert i Eivindvik, men seinare flytta til Stafsnes, der det vart bygt kai og driftsbygning.

Gullaks gjekk konkurs i 1990, og etter fleire eigarskifte vart det i 1996 kjøpt av Ola Braanaas og hans selskap Firda Sjøfarmer AS.

Les meir om: Oppdrett i Gulen

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.06.2008