Hopp til innhold
X
Innhald

Gustav Olsen

Det tidlegare klippfisktørkeriet til Gustav Olsen på Raudeberg. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Det tidlegare klippfisktørkeriet til Gustav Olsen på Raudeberg. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gustav Olsen klippfisktørkeri i Røysa på Raudeberg vart grunnlagt i 1937 av Gustav Olsen.

I 2000 vart anlegget overteke av selskapet Snorre Seafood AS, skipa i 1997. Snorre Seafood driv røyking av laks og vidareforedling av fisk og skaldyr. Bak Snorre Seafood står osloselskapet Keco (eigd av Vidar Nygård), Jens Helge Gundersen og Steven Ronny Jensen.

I 2006 kjøpte Snorre Seafood anlegget til tidlegare Måløy Fiskehandel (sjå dette) på Gotteberg i Måløy.

Snorre Seafood hadde i 2006 15 tilsette på anlegga i Måløy og Raudeberg og låg på kring 25 millionar kroner i årsomsetning.

Snorre Seafood held til i tidlegare Måløy Fiskehandel, den kvite bygningen til høgre i biletet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Snorre Seafood held til i tidlegare Måløy Fiskehandel, den kvite bygningen til høgre i biletet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.04.2010