Hopp til innhold
X
Innhald

H. Lavik Skotøy

I dette huset heldt sko- og møbelforretninga til Lavik til. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I dette huset heldt sko- og møbelforretninga til Lavik til. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

H. Lavik Skotøy vart starta av Hans Lavik i Storgata i Høyanger i 1927. På 1930-talet starta han Høyanger Møbelutsal i eit hus litt lengre oppe i gata. Her dreiv han også radioforretning. Huset der møbelbutikken heldt til vart rive då Høyanger kommune tok tomta til rådhus i 1956.

Lavik flytta då saman skotøy- og møbelbutikken. I dei siste åra kom dottera Solveig Lavik Grønlien med i drifta av butikken som vart lagd ned i 1988.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.06.2012