Hopp til innhold
X
Innhald

Hafstad Hotell

Hafstad Hotell ca. 1895. Foto: K. Knudsen.

Hafstad Hotell ca. 1895. Foto: K. Knudsen.

I 1863 fekk Gunnar Helgeson Hafstad (1836-1916) løyve til å drive handel på Hafstad-sida. Truleg hadde Gunnar Hafstad lagt seg opp ein del pengar som féhandlar før han tok til å kjøpe opp og byggje ut på Hafstad. Han kjøpte også den gamle sjøbua som den konkursråka Georg Schultz hadde bygd på Hafstad (Flatenbua).

Anna dreiv hotell i 40 år

Gunnar vart også skysskaffar og dreiv gjestgiveri, og grunnla Hafstad Hotell. Han vart på folkemunne kalla ”Gunnar ved bruna” fordi det i eldre tid gjekk ei bru over ei lita grov like ved hotellet.

Anna dreiv hotell i 40 år

På 1890-talet kom Gunnar Hafstad i økonomiske vanskar, og i 1892 vart eigedomane hans selde på tvangsauksjon. I 1895 tok sonen Harald Gunnarson Hafstad tilbake eigedomen på odel. Då han gjekk gjennom isen og drukna i 1902, kom systera Anna Hafstad heim frå England og overtok. Anna dreiv Hafstad Hotell i 40 år, dei siste åra saman med systera Mathilde Moran som kom heim frå Amerika.

Ein rusk av ein laks fiska rett utanfor Hafstad Hotell. Ukjend fotograf.

Ein rusk av ein laks fiska rett utanfor Hafstad Hotell. Ukjend fotograf.

Mange laksefiskarar

Hafstad Hotell var ein populær tilhaldsstad for utanlandske laksefiskarar som fiska i Jølstra. Den gamle trebygningen med tårn frå den første tida står framleis. Men hotellkomplekset er i dag prega av fleire utvidingar – m.a. ein dominerande romfløy på sju etasjar som vart bygd på 1970-talet.

Ungdomsheim

Hotellet var ei tid eigd og drive av KFUM og heitte Sunnfjord Ungdomsheim og Hotell, men kom i 1981 på nytt på private hender.

Quality Førde Hotell - så Thon

Førde Hotell, tidlegare Hafstad Hotell, var ei kort tid eigd av høyangermannen Hans Øren før Martin Johan Ødegaard kjøpte det og moderniserte og utvida det mykje. På slutten av 1990-talet selde Ødegaard hotellet til Sunnfjord Hotell som eigde det berre ei kort tid før det i 2000 vart selt til ei gruppe Førde-folk med forretningsmannen Roy Solbakken i spissen. Sidan 2004 har Roy Solbakken vore eineeigar. Hotellet heiter i dag Quality Førde Hotell. I 2006 kjøpte Solbakken også Eides Hotell i Høyanger, og i 2007 restauranten Dolly Dimple’s i Førde, som Antonio Flaten hadde drive i 11 år. Solbakken eig elles ein større forretningsgard i Førde og fleire bensinstasjonar i indre Sunnfjord.

I 2014 gjekk hotellet ut av Quality-kjeda og inn i Thon-kjeda og fekk namnet Thon Hotel Førde.


Quality Førde Hotell slik det såg ut i 2007. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Quality Førde Hotell slik det såg ut i 2007. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.06.2015