Hopp til innhold
X
Innhald

Hafstad Kjøttforretning

Ein av dei tre Rema 1000-butikkane i Førde, tidlegare Vie Senter. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ein av dei tre Rema 1000-butikkane i Førde, tidlegare Vie Senter. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hafstad Kjøttforretning vart grunnlagd i 1905 av M.L. Hafstad.
Den var eigd av Martinus L. Hafstad, Anna Hafstad og Agnes Hafstad. Forretninga låg like ved Førde Hotell, og vart seinare overteken av Hans og Ragnhild Myklebust frå Nordfjordeid. Dei bygde i 1978 Vie Senter og flytta daglegvareforretninga dit. Denne forretninga vart seinare overteken av sonen Olav Helge Myklebust. Forretninga på Vie gjekk i 2006 over til Per Jacobsen i Rema 1000-kjeden.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.11.2010