Hagens Hotell

Hagens Hotell.
Hagens Hotell i Måløy var det første hotellet i Vågsøy, grunnlagt 1887 av Peder Pederson Sunde (1852–1927) frå Hagevika. Han kjøpte den gamle lensmannsgarden på Trollebø (sjå Arnoldus Hess Lem og Ulf Lem) og flytta huset til Måløy.

Elias Hagen. Foto: Br. Larm. © Fylkesarkivet.

Severine Hagen. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.
I 1905 overtok dottera Severine hotellet. Ho gifta seg i 1907 med Elias Hagen, og saman bygde dei hotellet mykje ut, dreiv dampskipskai m.a. for Fylkesbaatane og fleire kystlinjer, og hadde agentur. Trehotellet brann ned i Måløy-raidet 1941, og nytt hotell i betong stod ferdig i 1951.
På andre sida av gata bygde Hagen i 1954 eit stort forretnings-og bustadbygg – ”Annekset”, som m.a. husa apotek og SFj. Fiskesalslag. Hagens Hotell fekk status som turisthotell i 1977.
Hagens Hotell gjekk konkurs i 1984 og vart selt til Håkon og Asbjørn Myrvang, og skifta då namn til Kaptein Linge Hotell. Men slekta etter krigshelten Martin Linge protesterte mot namnet. Hotellenamnet vart då endra til Måløy Hotell.
Sidan har hotellet gått inn i Norlandia-kjeda og heiter no Norlandia Måløy Hotell. Ved sida av Hagens Hotell, har det vore tre større overnattingsbedrifter i Måløy: Johnsens Hotell, Ulvesunds Hotell og Holviks Pensjonat.

Norlandia Måløy Hotell. Foto: Asgeir Reksnes, NRK.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 20.04.2010