Hopp til innhold
X
Innhald

Halsør Exportco A/S

Tidlegare Halsør Exportco - no Maritim Næringspark. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Tidlegare Halsør Exportco - no Maritim Næringspark. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Halsør Exportco A/S klippfisktørkeri på Raudeberg vart grunlagt i 1952 av Ernst Halsør. Han dreiv ei tid i kompaniskap med Alex Refvik. Firmaet skifta namn til Halsør Exportco då Refvik trekte seg ut av selskapet.

I 2004 vart selskapet lagt ned og bygningane selde til Maritim Næringspark AS, eit dotterselskap til fiskeriselskapet Carisma Fish AS (sjå dette).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.04.2010