Hopp til innhold
X
Innhald

Hammerstad hesteskofabrikk

Fabrikkbygningen til Hammerstad Hesteskofabrikk i Utvik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fabrikkbygningen til Hammerstad Hesteskofabrikk i Utvik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hammerstad hesteskofabrikk i Utvik vart starta i 1898 starta av Dankert Johanson Loen.

Han var son til Johan Johannesson Loen som overtok det gamle handelssetet etter Jacob Neumann Hammer i 1878 og som bygde Hotel Britannia i 1890. Truleg kjem fabrikknamnet frå ein parsell som vart skilt ut frå eigedomane etter Neumann Hammer. Dankert Loen var ein dugande smed, og dreiv hesteskofabrikken i mange år og hadde mange tilsette.

Også Jon Mathiasson Bergset (sjå denne under Fabrikkar og verkstader i Stryn ca. 1900) dreiv hesteskofabrikk på Verloøyra i Utvik - Sjå elles Historie - artikkelen Handelsstaden og småindustrisenteret Utvik.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.03.2011