Hopp til innhold
X
Innhald

Handel og gjestgiveri på Røneid

Røneidtunet i 1954. © Johan Ottesens arkiv.

Røneidtunet i 1954. © Johan Ottesens arkiv.

Hans Rue Olsen Døsen. Foto: Johan Rumohr Døsen. © Fylkesarkivet.

Hans Rue Olsen Døsen. Foto: Johan Rumohr Døsen. © Fylkesarkivet.

Røneid på sørsida av elva i Gaupne har vore ein storgard frå gamalt av. Her budde Sogne-futen Johan Hansson Rue frå 1686 til 1696. Etterslekta vart m.a. store jordeigarar både i Luster, Eid og i Hellevik i Fjaler, og etablerte seg også med handel og gjestgiveri på Døsen i Luster (sjå: Handelsstaden Døsen).

Empirehuset på Røneid

I 1835 flytta handelsmannen Hans Rue Olsen Døsen frå Luster og starta den første landhandelen med gjestgiveri på Rønneid i Gaupne. Butikkbygningen han gjekk under namnet «Hansen-huset». Huset var bygt av den kjende snikkaren Johan Lund som m.a. bygde fleire kjende hus i Lærdal og på Nedre Amla. Då han bygde handelsgarden på Røneid var det m.a. med materialar etter den rivne kyrkja på Nes. Huset er bygt i Lunds karakteristiske Bergens-prega empire-stil med halvvalma tak. Huset er på 2 1/2 høgd, er 16 meter langt og nær åtte meter breidt. Det har seinare vorte restaurert i 1868 og 1972.

Det flotte huset som Hans Rue Olsen Døsen fekk bygd på Røneid. Foto: Arild Nybø, NRK.

Det flotte huset som Hans Rue Olsen Døsen fekk bygd på Røneid. Foto: Arild Nybø, NRK.

Først handelsmann på Røneid - så fossekjøpar

I 1839 tok svigersonen til Hans Rue Døsen, bergensaren Ole Brinch Paache, over handel og gjestgiveri på Røneid. Då vart det sett opp ei skjenkestove like ved hovudhuset. Han selde til ein annan bergensar i 1847, Benjamin Michaelson Hansen. I 1870 tok Jacob Torsteinson Molland over handelen på Røneid og bygde det såkalla «handelshuset». Han hadde tidlegare vore handelsbetjent i Marifjøra. Han dreiv forretninga på Røneid til 1904, då sonen Jacob Jacobsen Molland tok over. Han gav seg inn på fossekjøp (sjå: Jostedals-utbygginga), flytta i 1915 til Oslo og overlet Røneid til broren.

Samvirkelaget tek over

Samvirkelaget tek over

På Røneid kom det skulehus i 1863, og då denne skulen vart lagt ned, vart bygningen nytta til eit lite meieri og eit bakeri som var i drift kring 1900.

Landhandelen på Røneid vart driven av Mollands-slekta og andre fram til krigsåra, då den låg nede nokre år. Etter krigen starta Jakob Molland opp att, og overlet handelen kring 1950 til Gaupne Samvirkelag. Det dreiv butikken på Røneid fram til kring 1960.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.03.2011