Handel og gjestgjevarar på Kvamsøy

Den første som bygde gjestgiveri ute på Kvamsøya var Johannes Person i 1723. I 1737 tek sersjant Bendik Naschov frå Hadeland over gjestgiveriet, og etter han sonen Nikolai Naschov.
Så kom Erik Nilsson Falk frå Falk-slekta i Sogndal og Feios (sjå Sogndal kommune og Vik kommune), og deretter svigersonen Erik Andersen Fjærestad frå Balestrand. I 1803 kom Ivar Jonson Lidal som gjestgjevar i Kvamsøy.
Etter fleire tette eigarskifte kom Kvamsøy i 1864 i hendene på Gjert Olson Hanevik, og samstundes vart gjestgiveriet lagt ned. Handelen vart driven vidare av andre.
Frå 1886 var Kvamsøy eigd av Ellend Vangsnes, som i tillegg til landhandelen dreiv med trelast og fraktefart. I 1894-1895 vart Kvamsøy brukt som samlestad av eit engelsk firma som kjøpte opp sau i Sogn for å eksportere dei til England. Landhandelen på Kvamsøy vart lagt ned i 1902.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 21.07.2011