Hopp til innhold
X
Innhald

Handel og hermetikk på Grytøyra

Den nedlagde hermetikkfabrikken på Grytøyra. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den nedlagde hermetikkfabrikken på Grytøyra. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ole A. Skaar starta landhandel på Grytøyra i 1903, berre 19 år gamal. Han måtte difor drive dei første åra i faren Anders O. Skaar sitt namn til han sjølv vart 21 år og myndig.

Kring 1920 starta han ein hermetikkfabrikk på Furneset ved Grytøyra. Dei første åra la fabrikken ned krabbe, og utvida seinare med blåskjellhermetikk. I 1937 bygde Skaar røykeri og starta sardinproduksjon.

Foto: Ottar Starheim, NRK.

Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ny hermetikkfabrikk

I 1949 selde Skaar hermetikkfabrikken til Jakob Sætre, ein masfjording busett i Bergen. Sonen Hans Sætre vart driftsstyrar. Like etter kjøpet, brann fabrikken ned. Ny og større hermetikkfabrikk stod ferdig i 1950, og hermetikkfabrikken på Grytøyra var i dei beste åra oppe i kring 60 tilsette.

Her var det på det meste 60 tilsette. Fabrikken vart lagd ned i 1984. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Her var det på det meste 60 tilsette. Fabrikken vart lagd ned i 1984. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fiskeoppdrett

Kring 1970 gjekk fabrikken inn i det landsomfattande hermetikkonsernet Norway Foods som dreiv til 1984. Då vart hermetikkfabrikken lagd ned og anlegget selt til fiskeoppdrettar, krovert m.m. Alfred Hatlem frå Hyllestad. Han dreiv i nokre år ei mangearta verksemd; forsøkte seg m.a. med røykelaks og sursildproduksjon.

Anlegget vart på slutten av 1980-talet overteke av ei eigargruppe med fiskeoppdrettar Leif Hatlem frå Hyllestad som hovudinteressent - sjå: Oppdrett og fiskeri i Hyllestad. Sidan 1994 har sonen Terje Hatlem vore eineeigar av firmaet Norsalmon AS, som driv lakseslakteri og pakkeanlegg i fabrikkbygget.

Landhandelen på Grytøyra har vore drive av Skaar-familien sidan starten i 1903, og i 2010 er det Ove Jan Skaar som er eigar.

Butikken til O. A. Skaar på Grytøyra. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Butikken til O. A. Skaar på Grytøyra. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.10.2010