Hopp til innhold
X
Innhald

Handel på Grima

Blomholm ligg på øya Grima like nord for Byrknesøy. Her starta folk frå Bergens-slekta Fleum (også skrive Plum) handel og skjenkestove kring 1600.

Kring 1650 budde Henrik Plum på Blomholm. Frå 1700 tok bergensmannen Christoffer Ritzerau over handel og skjenkestove. I 1728 fekk ein soldat tildelt Blomholm som bustad, og omlag på same tid vart det truleg slutt på handelen. Like nordanfor ligg øya Bårøy, der det etter segna også skal ha vore handel ei tid.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.06.2008