Hopp til innhold
X
Innhald

Handel på Kvale

På Kvalsøyri like ved den gamle eksersisplassen, heiter ein av eigedomane Vollen - sjå: Krigshistoria i Luster. Her starta Hans Johan Hansson Døsen såkalla «frihandel» i 1855.

Han dreiv handel der til 1860, då han selde eigedomen til faren Hans Rue Olson Døsen, som vi finn att som handelsmann på Døsen - sjå: Nye handelsmenn på Døsen.

Men faren Hans hadde tydeleg nok med det han dreiv heime på Døsen, for han leigde bort handelen på Vollen til Sølfest Hansson Urdahl, som kjøpte staden i 1865. Urdahl flytta til garden Uri og overlet handelen på Kvale til Hans Christian Lerum, som dreiv til 1876.

Då er det Sjur Tollefson Næss som tek over til han i 1892 sel eigedomen til handelsbetjenten sin, Melchior Schelderup Fuhr. Fuhr dreiv som handelsmann på Vollen til han døydde i 1903. Enkja Mari dreiv butikken til ho flytta i 1910 og overlet handelen og eit lite bakeri til Hans Sjurson Fuhr. Han dreiv handelen til han la ned tidleg på 1950-talet. Han dreiv også handel på Heltne ei kort tid.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.03.2011