Hopp til innhold
X
Innhald

Handel på Saude og Talle

Sølfest Hansson Urdahl (1819-1878) starta landhandel på Saude like sør for Dale i 1862. Han flytta i 1865 handelen til Fagernes på Talle og dreiv til 1871, då brorsonen og offiseren Jørgen Nagel Hansson Urdal tok over fram til han flytta til Bergen i 1876.

Handelen på Fagerneset overlet han til broren Torkild, som dreiv til han døydde i 1885, og deretter tok enkja Severina over og dreiv butikken til 1890. Ho hadde fehandlaren Johannes Johansson Næss som butikkstyrar fram til 1900, då Ole Olson Heggelund vart styrar fram til butikken vart avvikla kring 1909.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.06.2008