Hopp til innhold
X
Innhald

Handels- og gjestgjevarstaden Korssund

Den indre seglingsleia har frå eldgamle tider gått gjennom det trange Korssundet. Det første gjestgiveriet i Korssund er nemnt i 1629. I Korssund finn vi i dag mellom anna butikk, gjestehamn og sjøboder som blir nytta til utleige, og er om sommaren ei mykje nytta hamn for båtturistane langs kysten.

Korssund. Stikk frå 1790.

Korssund. Stikk frå 1790.

Den indre seglingsleia har frå eldgamle tider gått gjennom det trange Korssundet (sjå: Krossen i Korssund). Det første gjestgiveriet i Korssund er nemnt i 1629, då gjestgjevar Zacharias Mikkelsen Bech gav nattverdsutstyr i sølv til Øn kyrkje (sjå: Kyrkjer i Hyllestad). Han hadde løyst borgarbrev i Bergen i 1618, og truleg starta han gjestgiveri og handel i Korssund frå same tid.

Ulike eigarar

Utover 1600- og 1700-talet var det eigarar frå slekter som Griil, Ramsing, Rue, Dam og Holtermann som eigde og dreiv Korssund. Under Korssund låg også Lutentun. Der budde skysskaffaren som var knytt til skysstasjonen. I 1810 kom Korssund i jølstringen Johannes Mosesson Saarheim si eige. Då han døydde i 1820, gifta enkja Helga seg opp att med Anders Olsson Strømmen, og saman dreiv dei handelsstaden fram til 1849.

Korssund i 1935. Biletet er teke i samband med eit olsokstemne ved krossen. Folk kom med båt frå Solund, atløy, Værlandet og Bulandet for å vere med. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Korssund i 1935. Biletet er teke i samband med eit olsokstemne ved krossen. Folk kom med båt frå Solund, atløy, Værlandet og Bulandet for å vere med. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Blant dei største i Sunnfjord

Gjennom 200 år var Korssund eitt av dei største og mest sentrale gjestiveria og skysskifta i Sunnfjord: Dei fleste som siglde langs kysten, stoppa i Korssund. Her vart det kring 1800 m.a. bygt eit herskapeleg hovudhus med valma tak, og på eigedomen stod fleire buder og pakkhus.

Skår-familien tok over Korssund

Skår-familien, som i dag eig Korssund og driv handel der, kom inn i 1893, då Johan Reinhard Olson Skaar (1867-1949) frå Hyllestad kjøpte staden. I tillegg til landhandelen dreiv han gardsbruk, tok imot laks, hummar og ål, starta sildesalteri og tønnefabrikk kring 1. verdskrig, hadde sitt eige motordrivne sagbruk, og var i tillegg dampskipsekspeditør, post- og telefonstyrar.

Kjell Skår ved kassen i Korssund handel i 1995. Foto: Steinar Lote, NRK.

Kjell Skår ved kassen i Korssund handel i 1995. Foto: Steinar Lote, NRK.

Konkurs og oppdeling

Men på 1920-talet slo krisetida til i fiskeri- og handelsverksemdene på kysten, og Reinhard Skaar gjekk konkurs i 1928. Frå 1929 til 1933 dreiv sønene Reinhardt og Olav Skår verksemda under firmanamnet Johan Skaars Sønner. I 1933 delte dei eigdomane mellom seg, slik at Olav tok garden og sjøbuene, medan Reinhardt dreiv butikken og det som knytte seg til kaia.

Ekteparet Laura og Reinhardt Skår dreiv butikken på Laura sitt handelsbrev under firmanamnet L. Skår fram til ekteparet Ruth og Kjell Skår tok over i 1962. Då vart firmanamnet endra til Korssund Handel. Selskapet vart aksjeselskap i 1994.

Om sommaren er Korssund ei mykje nytta hamn for båtturistane langs kysten. På fotoet ser vi MK Sjøgutt gjennom Korssundet. Foto: Idar Skår. Brukt med løyve for Allkunne.

Om sommaren er Korssund ei mykje nytta hamn for båtturistane langs kysten. På fotoet ser vi MK Sjøgutt gjennom Korssundet. Oppe til høgre kan ein skimte Korssund-krossen. Foto: Idar Skår. Brukt med løyve for Allkunne. 

Trykk på fotoet for å sjå det i større format.

Båtturisme

I 1974 bygde firmaet nytt forretningsbygg, og har sidan satsa sterkt på turisme med m.a. gjestehamn, sanitæranlegg for bil/båt, campingbiloppstilling og båtutleige. I 2011 vart leia i Korssundet gjort djupare, slik at det blir lettare for båtar å ta seg fram utan fare for grunnstøyting.

Frå tønnefabrikk til turistverksemd

Olav Skår hadde, som nemnt, teke over garden og sjøbuene i 1933. Der dreiv han tønnefabrikk sildesalting til han gjekk konkurs ca. 1948.

Bergensfirmaet B.B. Brynjulfsen tok då over både gardsbruk og sjøbuer som dei brukte til kriselager for korn. Olav tok gardsbruket tilbake på odel i 1954, og sist på 1950-talet kjøpte han tilbake sjøbuene som han nytta til gjødsel- og mjøllager.I 1996 tok sonen Roald Skår og ektemaken Gunn-Kari over gard og sjøbuer, og har sidan satsa på å setje buene i stand som utleigeleiligheter for turistar.

Korssund Handel. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Korssund Handel. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.05.2017